Tilbake til alle arrangementer

Jørn Øyrehagen Sunde

  • Utstein kloster Mosterøyveien 801 Mosterøy, Rogaland, 4156 Norway (kart)

Foredrag om Magnus Lagabøter og Utstein kloster

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett ved UiO, holder foredrag med tittelen:

Kongen som ikkje skulle bli konge – Magnus Lagabøter og hans læretid som konge på Utstein kloster

Magnus 6. Lagabøter var kongen som ikkje skulle bli konge. Han hadde ein eldre bror i Håkon ung, som vart hylla som konge bare 7 år gamal i 1239. I 1252 fekk Håkon ung sonen Sverre, og dermed var Magnus den tredje i arverekkefølgja. I 1254 føreslo erkebiskopen likevel at Magnus òg skulle hyllast som konge, men kong Håkon 4. nekta. Magnus var truleg òg sjukleg, og fekk difor utdanning av fransiskanarmunkar og staden for å lære riksstyring og politikk ved hoffet. Men i 1257 døydde Håkon ung, og Magnus måtte ta hans stad i riksstyret. For å læra politikk, styrte han Ryfylke med sete på kongsgarden Utstein. Med eit landsskap som gjekk frå høgfjell til øyar i havet, som omfatta rikt jordbruksland og eit aktivt handelsliv, var Ryfylke eit slags mini-Norge eigna for trening av ein komande konge i riksstyre. Magnus haldt fram med å bu på Utstein etter at Sverre òg døydde i 1261, og Magnus 6. vart krona til konge og gift med den danske prinsesse Ingeborg. Men frå 1263 styrte kong Magnus 6. Lagabøter sitt norske kongedøme som einekonge, med sete i Bergen.

Billett: 200/150

Billettlenke: https://utsteinkloster.ticketc...

Tidligere arrangement: 15. september
Utstein kloster er åpent (Copy)
Senere arrangement: 21. september
Magnus Lagabøte og Utstein